Gangstad på topp i Midsund Senterparti

Odd Helge Gangstad er også partiet sin ordførarkandidat.

På topp Odd Helge Gangstad toppar Senterpartiet si liste og er ordførarkandidat i Midsund.  Foto: Agnar Gjendem

Nyheter

Gangstad (54) er i dag medlem av kommunestyret og formannskapet. Til dagleg er han gardbrukar på Midøya.

Senterpartiet har i dag tre av totalt 17 representantar i kommunestyret. Ein av dei er Anette Hoel (44), som har takka ja til attval og er på andreplass på lista. På lista er også Magne Reiten, leiar i lokallaget og med fartstid frå tidlegare kommunestyre.

Sju kvinner

Det er ingen førehandskumulerte kandidatar på lista, så her er det fritt val. Det er mangel på kvinner i kommunestyret i Midsund, men på lista til Senterpartiet er sju av 17 kandidatar kvinner.

Men ein veteran manglar, Per Håvard Klauset (71) takkar for seg etter denne perioden. Gjennom fleire tiår har han sat sitt preg på lokalpolitikken i Midsund, også som ordførar.

Midsund Senterparti si liste:

1. Odd Helge Gangstad 1960

2. Anette Hoel 1970

3. Liv Sissel Fanum 1976

4. Petter Ræstad 1960

5. Aina Kirkeland Tangen 1977

6. Frode Bjørnerem 1968

7. Marte Nygård 1984

8. Per Halvor Tangen 1969

9. Svanaug Lillebø Rakvåg 1964

10. Ågne Stormyr 1961

11. Synnøve Hagset 1963

12. Olav Eikrem Klauset 1997

13. Geir Eivind Raknes 1961

14. Rune Magerøy 1965

15. Magne Reiten 1961

16. Helge Løken 1957

17. Åshild Melkeraaen 1962