Historiske fjellskred

Her er eit tilbakeblikk på litt av den norske fjellskredhistoria dei siste tre hundreåra:
Norges største skredulykker

(Talet på omkomne i parantes.)

  • Eggaskredet, 8200 år sidan, (Ukjent).
  • Gauldalskredet, 1345, (500).
  • Verdalskredet, 1893, (116).
  • Den andre Loenulykka, 1936, (73).
  • Den første Loenulykka, 1905, (61).
  • Arnafjordulykka, Vik, Sogn, 1811, (45).
  • Tafjordulykka, 1934, (40).
  • Tjellefonna, 1756, (32).
  • Kletthamranskredet, 1868, (32).
  • Skylstadskredet, 1679, (28).
  • Valsetskredet, 1679, (27).
  • Otålaulykka, 1770, (27).
  • Eggaskredet var eit undersjøisk skred på ufattelege 3000 kubikkilometer. Skredet utløyste ein tsunami som kan ha utsletta ein stor del av folket som levde langs kysten i Norge, Skottland og andre område rundt Norskehavet. Skreda i Gauldal og Verdal var leirskred (leirfall). Loen-, Arnafjord-, Tafjord- og Tjelleulykkene var fjellskred. De fire siste på lista var snøskred.
Nyheter

8. januar 1731. Eit fjellskred på fleire millionar kubikkmeter på Remmerfjellet utsletta gardane Uren og Ureneset ved Storfjorden rett nord for Stranda. Skredet laga ein tsunami på meir enn 30 meter. 17 menneske, mellom dei fem småbarn på Uren omkom. Dei fleste av dei omkomne var frå Stranda, der også dei materielle øydeleggingane var omfattande. Kyrkja på Stranda var så øydelagt av bølgjene at ho måtte rivast. Tsunamiane gjorde skade så langt ut som på Abelset i Ørskog, og var sikkert store også innover fjorden til Geiranger og Tafjord, og i dei skriftlege kjelder blir det nemnt at flodbølgjene slo sju mil unna skredstaden. Kjeldene opplyser også at folk i området i lang tid på førehand hadde snakka om ein stor og veksande sprekke om lag 500 meter oppe i fjellet. Det kvite såret i fjellveggen, minnesteinen på Stranda og det nye namnet på fjellet fortel oss om kva som skjedde. Remmerfjellet vart til Skafjellet.

22. februar 1756. Etter åtte døgn med regnver og flaum kunne folk på Tjelle og i nabobygdene ved Langfjorden i Romsdal høyre uhyggelege dumpe drønn og tordnande buldring. Lyden kom frå det største fjellskredet vi kjenner til frå historisk tid i Norge. 10-15 millionar kubikkmeter stein raste ut i den djupe fjorden. Fjellskråninga i området er ikkje særleg bratt, men fjellskredet fekk stor fart og laga opp til 50 meter høge flodbølgjer i fjorden. Til saman 32 menneske omkom, 168 hus og 196 båtar vart knust av bølgjene.

15. januar 1905. Den første av dei to store Loen-ulykkene. Eit fjellskred frå Ramnefjellet trefte Loenvatnet og ei 40 meter høg tsunamibølgje tok livet av 61 menneske. I åra etter 1905- ulykka bygde folk opp att heimane sine, men litt lenger frå Loenvatnet. Det skulle vise seg at dette bygde på ein farleg illusjon. 31 år seinare, 12. september 1936, kom det neste store fjellskredet frå Ramnefjellet. Bygdene rundt Loenvatnet vart utsletta for andre gong og 73 menneske miste livet. Etter ei periode utan fast busetnad, er det sett opp både bustader og hytter i området, rett nok høgaste oppe i terrenget og området blir besøkt av store mengder turistar kvart år.

7. april 1934. 203 år etter fjellskredet på Remmefjellet, 178 år etter Tjellefonna og 29 år etter at den første av Loen-ulykkene (1905) tok 61 menneskeliv, var det folket i Tafjord og Fjøra som stod for tur. Manns minne er kort, og knapt nokon blant folket i dei små bygdesamfunna inst i Storfjorden på Sunnmøre hadde forestilt seg omfanget og konsekvensane av eit fjellskred her inne. I Fjørå hadde folk i mange år snakka om ei stor og stadig veksande sprekke i fjellet bak Langhammaren, og kva som kunne skje om den datt ned.
Men det er lite som tyder på at folk hadde realistiske forestillingar om kor alvorleg det kunne bli. «Kvelden før drog vi båtane langt opp. Det var viktig dersom Langhammaren skulle kome,» blir det sitert av ein mann frå Fjørå. I Tafjord var det knapt nokon som hadde høyrt om Langhammaren.

Klokka 03.08 natt til 7. april 1934 kom Langhammaren og drog med seg Heggeura rett ned i fjorden. Sjølve fjellskredet gjorde ingen direkte skade, men tsunamien som det 3 millionar kubikkmeter store skredet skapte, tok livet av til saman 40 menneske i Tafjord og Fjørå. I tillegg var ei mengd bustadhus, naust og båtar knust og sopa på sjøen. Mellom dei 40 omkomne vart 29 aldri funne att. Dei fekk si grav på botnen av Tafjorden under tjukke lag av vrakgods og sediment.