No godtek Trude kroppen sin

Trude Bjørsvik utvikla eteforstyrring på grunn av kroppspress.

Trude Bjørsvik har slite med dårleg sjølvbilete i store delar av livet sitt. Det gjekk så langt at ho ikkje lenger ynskja å leve. No har ho vore gjennom ei lang behandlingstid og ser endeleg lyset i tunnelen.  Foto: Vilde Jensen

No set Trude pris på at ho er i live og at kroppen fungera slik den skal.   Foto: Vilde Jensen

ETEFORSTYRRING
  • Ein person som har ein eteforstyrring vil vere overoppteken av mat og blir plaga med konstante tankar om mat, eting, kropp og vekt.
  • Andre sider av livet, som studiar, jobb og sosiale relasjonar, blir overskyggja då særs mykje tid og ressursar brukast på handling knytt til mat og eting.
  • Blant personar med eteforstyrring er det høgare førekomst av andre psykiske vanskar enn vi ser i den generelle befolkninga. Ved anoreksi er det auka førekomst av depresjon og angst.
  • Kjelde: Folkehelseinstituttet, fhi.no
FARESIGNAL Å SJÅ ETTER
  • Ein blir veldig oppteken av kroppen sin, kva ein et og kva vekta viser
  • Ein begynner å unngå måltid og vel ut matsortar ein kan og ikkje kan, ete
  • Ein går stadig vekk rett på do etter måltid (då kan det vere for å kaste opp)
  • Ein går drastisk mykje ned i vekt
  • Ein forandrar veremåte ved å til dømes trekkje seg meir unna sosialt
  • Kjelde: Fugelset og Bjørnerem
Nyheter

Ho veit kva det vil seie å bli prega av eit kroppspress. Ho var så langt nede at ho ville gje opp. No står ho fram for å hjelpe andre.

Trude Bjørsvik sit ved kjøkenbordet. «Vil du ha kaffi? Eller te?» spør ho. «Druer då? Eller sjokolade, kanskje?» Sjølv forsyner ho seg med litt av alt. Slik har det ikkje alltid vore.


– Kroppspresset har tatt heilt av

– Det har blitt eit veldig stort fokus på det ytre. Magen blir til dømes aldri flat eller stram nok.

 

Avsky til egen kropp

Trude Bjørsvik (25) veks opp i ein aktiv familie med sunne verdiar. Likevel har ho slite med dårleg sjølvbilete.

– Så lenge eg kan hugse har eg sett på kroppen min med misnøye. Eg gjekk konstant å tenkte på vekta mi, samanlikna meg med andre og følte avsky til min eigen kropp, fortel ho.

Alltid annleis

På barneskulen sleit Trude med konsentrasjonsvanskar, men ho kan hugse at ho allereie i barnehagen følte seg litt annleis enn dei andre barna.

– Eg fekk ofte tilsnakk og kjeft fordi eg ikkje klarte å følgje med.   Eg hugsar at eg, som alle andre,  fleire gongar måtte stå framfor klassa og presentere det eg skulle gjort. Problemet var berre at eg ikkje hadde gjort det, fordi eg ikkje klarte å henge med, seier ho.

Balla på seg

Etter fleire slike hendingar, lærte Trude seg til å nikke og late som ho følgde med og skjønte det lærarane snakka om. Det gjorde ikkje situasjonen noko betre.

– Når eg då kom på ungdomsskulen blei det sjølvsagt forventa at eg hadde med meg lærdom frå barneskulen. Det hadde eg ikkje, så det berre balla på seg.

Miste kontrollen

Då Trude var 16 år fekk ho diagnosen ADD, Attention Deficit Disorder. Det er det same som ADHD utan hyperaktivitet, og omhandlar konsentrasjonsvanskar. Ho fekk medisinar, men følte ikkje at desse hjelpte. Det var då ho tok i bruk maten for å kompensere for alt ho kjende på.

– At eg blei diagnostisert gjorde at eg følte eg miste kontrollen og gjekk med kjensla av å ikkje strekkje til. Maten følte eg at eg kunne kontrollere og meistre. Likevel gjekk aldri dei ekle tankane om meg sjølv vekk. Dei blei berre verre. Då eg aldri blei fornøgd med korleis eg såg ut, begynte eg å svelte meg sjølv, seier 25-åringen.

Trude fortel at medan ho sleit med eteforstyrring, utvikla det seg også ein depresjon som gjekk så langt at ho ville gje opp.

– Eg ville dø og eg prøvde å ta livet av meg sjølv.

Redninga

Etter kvart blei det ganske synleg at vekta hennar raste ned og at ho ikkje hadde det noko bra. Då tok vener og familie grep. Trude blei lagt inn på Kompetansesenter for eteforstyrringar i Levanger for anoreksi, 19 år gammal. Her måtte ho følgje eit strukturert opplegg med møteplikt. Det viste seg å vere det beste ho har gjort.

– Endeleg fekk eg den hjelpa eg trengde. Eg var innlagt ganske lenge fordi eg ikkje skjønte kvifor folk tvinga meg til å leve når eg sjølv ikkje ville det. Det var ein lang prosess, seier Trude og lenar seg bak i stolen.

– Hadde det ikkje vore for den behandlinga eg fekk, ville eg mest sannsynleg ikkje ha sitje her i dag.

– Kva vil du oppnå med denne openheita?

– Eg vil belyse problemet og fortelje, via mine erfaringar og opplevingar, kor gale det kan gå. For min eigen del er det ein seier å få lov til å ytre mine meiningar og kjempe for noko. Eg er så mykje meir enn berre sjukdomen.

Ynskjer større mangfald

Trude er kritisk til kroppspresset ho meiner barn og ungdom blir utsett for i dag. Ho opplev at det berre fortset å eskalere og undrar på når det skal bli ordentleg tak i. 25-åringen ser at vi dagleg er omringa av kroppspress. I reklame og i sosiale medium blant anna.

– Modellane i reklamar eller utstillingsdokker til dømes, dei har som oftast berre ein type kroppsfasong. Då blir det sjølvsagt det unge jenter ser på og strevar etter. Dette gjelder også vaksne, men det er dei unge som er mest utsett for å bli påverka. Eg vil gjerne sjå større mangfald på utstillingsdokker – lange, korte, breie, smale. Det hadde vore noko, seier Trude og understrekar at det i botn og grunn handlar om at folk er forskjellige og at vi må godta kvarandre for dei vi er.

«Likes»

Ho opplever også at mange, som følgje av kroppspresset, får eit usunt forhold til trening som dei blir avhengig av.

– Mange får eit sterkt behov for stadfesting om at ein er flink og fin. Dette skjer på Facebook eller Instagram der du blir målt i mengda «likes». Det er heilt sprøtt, men eg forstår at mange ikkje skjønar at dei påverkar andre, seier ho.

Likevel meiner Trude at trening er bra og viktig, men alt med måte.

– Fokuset bør ligge på å ha ein fungerande kropp, i staden for å ha størst musklar, tynnast midje eller den strammaste rumpa. Ein annan ting som er viktig er å ha det kjekt og trene når ein har lyst, seier Trude som minnast at ho tidlegare droppa styrke fordi ho merka at ho la på seg av det.

– Eg veit kor forferdeleg det er å vere midt opp i kroppspresset. Det er skremmande at vi lev i ein tid der nokon ser på brunost som usunt, liksom.

Vil hjelpe andre

No går Trude på arbeidstrening og er inn i mellom assistent på Kvam skole og hjelper til der det trengst. I framtida vil ho bruke sine opplevingar til noko positivt.

– Eg har eit ynskje om å vidareutdanne meg, ta pedagogikk og hjelpe barn og unge som har det vanskeleg. Sjå ungane og ta dei på alvor. Eg vil vere alt det eg ikkje fekk, rett og slett.

Vegen vidare

Etter ein lang behandlingstid, følar Trude at ho har gått glipp av mykje i livet. Det har ho ingen planar om vidare.

– Eg skal gjere ting eg har lyst til og ingen eller ingenting vil kunne stoppe meg. Eg kjem aldri til å bli heilt frisk og vil alltid ta med meg det eg har opplevd, men no er det helst ein historie og ikkje lenger eit problem for meg.

– Ryggsekken eg ber på er nok mange tusen kilo, men eg blir sterkare av å bere på den!