Gangstad «mellom barken og veden»:

Forstår frustrasjonen, men usikker på om han vil støtte folkerøysting i Midsund

Varaordførar Odd Helge Gangstad ser og forstår frustrasjonen i Midsund, men avviser å fronte saka. No kjem den likevel opp i kommunestyret.

Odd Helge Gangstad. Bildet er tatt tidlegare.   Foto: Bjørn Brunvoll

Nyheter

– Eg har blitt spurt om eg ville fronte dette, men det er heilt uaktuelt for meg som varaordførar. Men eg forstår frustrasjonen fleire i Midsund kjenner på. Det seier Moldes varaordførar Odd Helge Gangstad (Sp) frå Midsund, som kommentar til oppropet frå folk i Midsund som ønsker lausriving frå nye Molde kommune.