Må opne Molde sjukehus for koronasjuke

Ropar varsko – voldsom auke i korona-innlagde

Helseføretaket ropar varsko etter at 11 personar blei lagt inn med covid-sjukdom i helga, dei fleste uvaksinerte. No ber dei innstendig denne gruppa om å ta vaksina – og dei som får tilbud om 3. dose, om å ta den.

Fire uvaksinerte på intensiven: 14 personar er no lagt inn med covid-sjukdom på Ålesund sjukehus. 11 av desse blei innlagt i helga, og fire av desse er så dårlege at dei får intensivbehandling. Alle desse er uvaksinerte, skriv Helse Møre og Romsdal. Bildet er frå ein film der ansatte på Ålesund sjukehus simulerer behandling av ein covid-pasient.   Foto: ILLUSTRASJONSFOTO: Skjermdump Helse Møre og Romsdal

Nyheter

I løpet av helga har eit stor tal koronapasientar blitt innlagt ved Ålesund sjukehus, skriv Helse Møre og Romsdal i ei pressemelding måndag. Dei flest av desse er uvaksinerte.

– Om dette held fram, vil det få store konsekvensar for dei øvrige pasientane, seier fagdirektør Torstein Hole i pressemeldinga.

Uvaksinerte på intensiven

Per 29. november er det til saman 14 innlagte koronasmitta pasientar ved Ålesund sjukehus. 11 av desse blei innlagt i løpet av helga, skriv føretaket.

Fire av desse er så dårlege at dei får intensivbehandling, og alle desse er uvaksinerte.

– Dette er bekymringsfullt i ei tid der det er stor belastning på sjukehusa i fylket vårt. Når vi veit kor ressurskrevande desse pasientane er, fryktar vi at dette kan få konsekvenser for den planlagte behandlinga som kan ha venta på time lenge. Til dømes dei som er under utgreiing og behandling, og skal ha ein planlagt operasjon, seier Hole i meldinga.

Fagdirektøren oppfordrar sterkt den uvaksinerte delen av befolkninga om å ta vaksina.

– I tillegg bør alle som får tilbod om det, ta den tredje vaksinedosa, seier Hole.

Førebur seg på fleire

Smittevernoverlege Jørn Åge Longva i Helse Møre og Romsdal seier til NRK at dei førebur seg på at det kan komme fleire covid-sjuke. Han ber dei som kan, om å vaksinere seg, og strekar under at vaksina har stor verknad på kor alvorleg sjuk ein blir viss ein først blir smitta.

Longva sier også at dei tilsette strekk seg langt og tar ekstravakter, men at det kan bli behov for avlastning frå andre sjukhus om utviklinga held fram.

Planlagte operasjonar kan bli utsette på grunn av mange covid-innlagte.

Opnar Molde igjen

På grunn av den raske auka av innlagde med Covid-19 skal både Molde og Ålesund sjukehus ta imot pasientar med Covid-19.

Som kjent blei begge sjukehusa nytta til desse pasientane ein periode tidlegare. Men med låge tal, har Ålesund vore aleine om desse pasientane fram til no.