Siste igjen av søskenflokken på elleve i Fiksdal

Musikkglad og munter sjåfør fyller 100

Eivind Nakken er ein allsidig mann. Han var yrkessjåfør, skomakar og mekanikar, på fritida var musikken den store lidenskapen. Fredag fylte han 100, i dag er det bursdagsfeiring i Fiksdal.

Velkommen inn: Eivind Nakken bur aleine i huset sitt og likar godt å få besøk.  Foto: Olav Skjegstad

Bilsakkyndige Haukebø sa eg skulle rygge opp ein bakke. Han såg straks at eg kunne køyre bil og prøva var fort unnagjort.

Nyheter

Eivind Nakken vart fødd i Fiksdal den 26. november 1921. Han vaks opp i eit lite hus fullt av folk. Eivind var nummer åtte i søskenflokken på 11, med sju brør og tre søstrer.