Nye smittetilfelle i Vestnes og Aukra

Vestnes noterte 14 nye smittetilfelle på ein dag tirsdag. Aukra melder om tre nye tilfelle av covid-19 onsdag.
Nyheter

Ein oversikt på heimesidene til kommunen viser 17 nye tilfelle denne veka, der heile 14 vart innrapportert tirsdag. Dette er det meste på ein enkeltdag sidan kommunen hadde heile 52 tilfelle på ein dag 2. november. Totalt er smittetalet no oppe i 182 så langt i november.

Vestnes sender ikkje lenger ut pressemelding med detaljar om alle nye smitteutbrot, men har tidlegare opplyst at smitten i kommunen no både stammar frå lokalbefolkninga og utanlandske verftsarbeidarar.

Tre nye i Aukra

Aukra kommune fekk onsdag 24. november melding om to nye smittetilfelle. I tillegg melder kommunen at ein tredje smitta person er overført heimkommunen sin og isolert der.

– Den eine personen har ukjent smitteveg, har symptom og er fullvaksinert. Den andre personen, ein mindreårig, har noko symptom og kjent smitteveg. Personen har ikkje vore på skule/barnehage i perioden kor smitte kan ha blitt overført og det er derfor ikkje nødvendig å sette inn tiltak eller testregime i skule/barnehage, skriv Aukra kommune i ei pressemelding.

Kommuneoverlegen i Aukra minner samtidig om at det er viktig å halde seg heime når ein har symptom.

– Ikkje gå på jobb, skule eller barnehage før du er frisk eller har teke ein PCR-test.