LEDER LØRDAG 6. NOVEMBER

Bøndene treng hjelp for ei ny framtid

Ei ny tid: Før 12 år har gått, skal det ikkje vere båsar i fjøset for kyr og oksar. 371 båtfjøs må byggast om her i fylket.   Foto: RIgmor sjaastad hagen

Nyheter

Norsk mat har ei spanande tid framføre seg. Norske råvarer kjem til å bli stadig meir etterspurde. Men nokon må produsere maten. Det er bøndene. Framtidas bønder kan ikkje drive på gamlemåten med kyr og oksar på båsen. Velferda til dyra skal bli betre. Om to år skal alle dyr vere ute på beite minst 16 veker i året. Om 12 år skal det berre vere lausdrift i fjøs kor der er storfe.

Mange bønder har fjøsbygningar som vart bygde på 1970- talet eller 1980-talet. Bygningane kan framleigd brukast, men dei må byggast om til lausdrift. Mjølkeprodusentar må ha robotar som står for mjølkinga. Dessutan ser mange bønder på korleis dei kan bruke energi frå kjelder som flisfyring, sol eller jordvarme. Summen av alt dette krev investeringar. For mange små og mellomstore bruk vil det ikkje vere lønnsamt å investere i ei heilt ny driftsbygning, til summar rundt 10 millionar kroner. Løysinga kan vere ombygging, og til ombygginga trengst gode finansieringsordninga.

Ein god reiskap til å hjelpe bøndene med omstillinga er Innovasjon Noreg. Innovasjon Noreg har Næringsdepartementet og fylkeskommunane som eigarar. Selskapet får pengar gjennom det årlege statsbudsjettet. Innovasjon Noreg i Møre og Romsdal har ein samla pengesum på 643 millionar kroner for i år. Beløpet skal delast på alt næringsliv, ikkje berre landbruk. Leiaren i bondelaget, Konrad Kongshaug, meiner det trongst fire gonger så mykje pengar som det ligg i 2021-potten, kvart år framover, dersom 371 båsfjøs og 300 andre fjøs skal fornyast og byggast om. Bøndene kan i dag få rundt ein tredel av investeringane som tilskot frå Innovasjon Noreg. Resten må dei ordne sjølv.

Den nye regjeringa har snakka varmt om å ta heile landet i bruk. Vi reknar med at det også gjeld norsk matproduksjon. Når staten har laga reglar for auka dyrevelferd, må staten også stille opp med meir pengar for å gi bøndene ei hjelpande hand med nyinvesteringar. Investeringstilskota bør aukast til 50 prosent, og små og mellomstore gardsbruk må ikkje hamne i køen bak storinvesteringane. Regjeringa må gjere det enklare for bønder å satse på framtida, ikkje enklare å avvikle drifta.

Regjeringa må gjerde det enklare for bønder å satse på framtida og ikkje avvikle.