Får 210 millionar i koronatilskot

Overskotet veks i helseføretaket – så stort har det blitt

Enda ein månad i pluss gjer at overskotet i Helse Møre og Romsdal stadig veks. Pandemien gir føretaket 210 millionar i ekstra tilskot.

GOD KONTROLL: «Samla sett har ein god kontroll på økonomien», skriv helsføretaket i sin siste statusrapport. Her er administrasjonsbygget for Helse Møre og Romsdal i Ålesund.   Foto: Marit Heiene

Nyheter

Den gode trenden med positive resultat kvar einaste månad i 2021 held fram i september. Resultatet for den første haustmånaden er 5,6 millionar kroner i pluss. Det aukar det samla resultatet så langt i år til 126,7 millionar.