På Otrøya:

Funn av muleg offerplass frå steinalder, og unikt tun frå vikingtid

Arkeologar opprømt etter svært sjeldne funn frå steinalder og vikingtid på Otrøya - omtaler det som sensasjon.

Systematisk uttak av jordprøver i Hagebukta, rundt og på den mulige gravplassen.  Foto: NTNU Vitenskapsmuseet

Nyheter

– Vi er vanlegvis forsiktige med ord som sensasjonelt om funn vi gjer, men her tenker vi det kan passe. Dette er svært sjeldne funn, seier Silje Fretheim ved Institutt for arkeologi og kulturhistorie, NTNU Vitenskapsmuseet til Rbnett. Ho er prosjektleiar for utgravingane på Otrøya, og har denne veka posta oppdateringar om fleire oppsiktsvekkande funn.