Vil ha konsekvensar for funksjonshemma på bordet

Kritisk til manglande oppfølging etter kutt

69 funksjonshemma fekk kutt i tenestetilbod i 2018 – framleis manglar vurdering av konsekvensar. Kommunen beklagar tidsbruk.

KRITISK: Knut Sverre Berge, leiar for Rådet for mennesker med nedsatt funksjonsevne, Molde kommune.  Foto: Privat

Nyheter

– Kutt i tilbod merkast i dei einskilde sine kvardagsliv, og betyr hinder for retten funksjonshemma har til å leve som andre. No må vi få på bordet kva konsekvensar kuttrunden i 2018 faktisk har fått. Det seier Knut Sverre Berge, leiar for Rådet for mennesker med nedsatt funksjonsevne i Molde kommune. Han representerer også Norsk forbund for utviklingshemmede, NFU, Molde og omland.