Kjerstad spurde om Raudsand - slik svarer Nybø

Starta jobben på Stortinget med spørsmål om forureining på Raudsand - har no fått svar frå avtroppande minister.

Næringsminister Iselin Nybø (V) (t.v.) og stortingsrepresentant Birgot Oline Kjerstad (SV).   Foto: Gorm Kallestad, NTB og Møre og Romsdal SV

Nyheter

11. oktober, same dag som Stortinget opna, leverte Birgit Oline Kjerstad, nyinnvald stortingsrepresentant frå Møre og Romsdal, inn skriftleg spørsmål til næringsministeren. Tema var opprydding av områda som tidlegare var statleg grunn på Raudsand.