32 køyrde for fort i Gjemnes

Bilførar meldt til politiet då UP hadde kontroll på Storlandsvegen.

60-sone: Bildet viser ein del av Storlandsvegen i Gjemnes, der UP hadde kontroll torsdag.   Foto: Google maps

Nyheter

Politiet i Møre og Romsdal melder torsdag kveld at UP har hatt kontroll på fylkesveg 532 i Gjemnes. Fartsmålinga skjedde i ei 60-sone ved Røvika mellom Eide og Høgset. Den høgaste farta vart målt til 92 km/t. Vedkommande blir meldt til politiet for forholdet. 31 andre bilførarar var også for harde på gassen og må ut med eit forenkla førelegg til fordel for statskassa.