Klart fleirtal i Smøla vil bli verande i Møre og Romsdal

Folkerøystinga måndag viste at dei fleste på Smøla ikkje vil bli ein del av Trøndelag.

MØRE OG ROMSDAL: Fiskeværet Veiholmen på Smøla vil også i framtida vere ein del av Møre og Romsdal fylke.  Foto: Gjermund Kjøpstad

Nyheter

Resultatet etter oppteljinga måndag kveld viser at 70 prosent vil bli verande i Møre og Romsdal, medan berre 27 prosent ville endre regiontilknyting i retning Trøndelag. Tre prosent stemte blankt, melder NRK Møre og Romsdal.

– Dette er såpass klart resultat at det er nok ikkje noko tvil om at vi politikarane vil lytte til folket i denne saka, seier ordførar Svein Roksvåg (Sp) til NRK.

Valdeltakinga i den rådgjevande folkerøystinga var på berre 42 prosent. Alle over 16 år hadde rett til å seie si meining.


Fleirtal i Aure for å bli i Møre og Romsdal

Fleirtal for å bli verande i Møre og Romsdal.


Tidlegare har eit knapt fleirtal på 51 prosent i Aure sagt nei til Trøndelag i tilsvarande røysting, medan folk i Kristiansund skal stemme seinare.