Møte i hovudutval for oppvekst, kultur og velferd i Molde:

Dette sa dei om forslaget om å utsette reell barnehagedekning

Politikarane i utvalet stemde ned forslag om å utsette reell barnehagedekning – gjorde alternativt vedtak.

Møte måndag: Ny utvalsleiar Elisabeth Nerli (H) og kommunalsjef Ann-Mari Abelvik øvst ved bordet under utvalsmøtet måndag.  Foto: Skjermdump kommune-tv

Nyheter

– Vi er positive til at alle som treng det skal få barnehageplass, men meiner det er behov for å sette ein fot i bakken, kartlegge betre og greie ut konsekvensar. Det er for dristig å be om 15 mill. kr for å få til reell dekning utan. Det sa kommunalsjef for oppvekst, kultur og velferd, Ann-Mari Abelvik, da hovudutvalet hadde møte måndag ettermiddag.