Desse pasientane skal få kortare ventetid

Ventetidene er for lange i Helse Møre og Romsdal, mellom anna for dei som treng røntgen i Kristiansund. Det gjeld mange pasientar i Romsdal også.

KUTTAR VENTETIDA: Romsdalingar som skal ha kne- eller hofteoperasjon i Kristiansund, skal no få kortare tid i kø for røntgen. Dette bildet er av ei MR-maskin i Alta.  Foto: Lise Åserud / NTB

Nyheter

No skal helseføretaket styrke MR-tilbodet på Nordmøre i ein periode, for å få ned dei lange ventelistene til røntgen. Det skjer med ein ny, mellombels samarbeidsavtale mellom Helse Midt-Norge, Helse Møre og Romsdal og ANT Røntgen i Kristiansund.