Frank Stenløs (V) ganske fornøgd med valet, men

Skulle ønske at han måtte farge håret grønt

Frank Stenløs lovde å farge håret grønt om Venstre lokalt fekk stortingsmandat. No prøver han med ny lovnad om grøn sveis.

Frank Stenløs, Venstre. Bildet er tatt tidlegare.  Foto: Privat

Nyheter

– Eg skulle ha knytt lovnaden min om hårfarging til at Venstre kom over sperregrensa, da kunne eg no ha stilt med grønt hår. Det kan eg angre på, gliser Frank Stenløs. Som venstrepolitikar i Molde har han også vore engasjert i kampen om stortingsmandata frå Møre og Romsdal.