Tre nye smittetilfelle i Vestnes

Tre personar har testa positivt for covid-19 ved innreise.
Nyheter

Vestnes kommune melder måndag formiddag at kommunen har fått melding om tre nye smittetilfelle av covid-19, det gjeld personar som har testa positivt ved innreise.

Dei tilreisande har vore i karantene sidan ankomst Noreg, og er no i isolasjon ved VARD sin brakkerigg på Trohaugen.

Nærkontaktar og dei som kom i same reisefølgje er i karantene. Smittesporing er gjennomført.

Personane har ikkje vore i butikkar eller i kontakt med lokalbefolkninga, skriv kommunen på sine nettsider.