Nei til Trøndelag i Aure

Fleirtal for å bli verande i Møre og Romsdal.
Nyheter

I Aure kommune på Nordmøre har det i dag også vore rådgjevande folkeavstemming for om kommunen skal bli verande i Møre og Romsdal eller søke seg over til Trøndelag.

Resultatet vart at 51 prosent (995 stemmer) stemte for å bli Møre og Romsdal. 45 prosent (873 stemmer) stemte for regionbytte, medan fire prosent (72 stemmer) stemte blankt.

– Det er ei rådgjevande avstemming. Men avstemminga gjev ikkje noko klart svar. Dermed blir det vanskeleg for politikarane som skal ta ei endeleg avgjerd, seier ordførar Hanne-Berit Brekken., seier ordførar til NRK.

Valdeltakinga var på 75 prosent.

Smøla og Kristiansund skal halde liknadene avstemmingar seinare.