– Vi hadde ingen plan B

Godt vant med varierande ver på kysten, held Gossen Bygdekvinnelag hovudet kaldt og la ingen plan B mellom elingane forrige veke. På laurdag stoppa regnet, skyene forsvann og dermed vart det ei fantastisk ramme rundt årets Torgdag utandørs på Løvikremma Kystmuseum. – Vi hadde flaks med veret og oppmøtet er topp, seier ein fornøgd bygdekvinne-leiar Kjellaug Urdshals.
Nyheter

Aukra: Det yrte av liv mellom torg-telta på tunet på Løvikremma Kystmuseum då Gossen Bygdekvinnelag inviterte til torgdag denne laurdagen. Små og store besøkande, nokre langvegsfrå, andre lokale, kunne her finne bakst av mange slag, grønnsaker, frukt, spekemat og mykje meir i dei tilsaman 11 bodene. Trafikkstraumen vart handtert av Gossen Bygdekvinnelag sin trofast samarbeidspartner Gossen Motorklubb og ungdommane dirigerte bilane på forbilledleg vis.