Aukra klar til å vaksinere barn og unge

Aukra kommune startar no med vaksinering av barn og ungdommar frå fylte 12 år.

VAKSINERT: 13-åringen Eirik Lyngstad i Oslo har alt fått første dose med Pfizer-vaksine grunna svekka immunforsvar. No skal barn mellom 12 og 15 år få tilbod om vaksine, og Aukra er først ut i Romsdal.  Foto: : Heiko Junge / NTB

Nyheter

Regjeringa og Folkehelseinstituttet sa på ein pressekonferanse torsdag at barn og unge mellom 12 og 15 år no skal få tilbod om koronavaksine. Tilbodet gjeld i første omgang ein dose, og innkallinga skal kunne starte så snart kommunane har kapasitet.