Orten, Riise og Scheide:

– No er det Hafast sin tur

Tre markante Høgre-politikarar i Møre og Romsdal meiner ein må halde oppe arbeidet rundt Hareid Fastlandssamband – og sikre at fjordkryssinga frå Sulalandet til Hareidlandet blir noko av.

Høgre for Hafast: Stian Lehmann Scheide (f.v.), varaordførar i Ulstein kommune, Helge Orten, leiar for transport- og kommunikasjonskomiteen på Stortinget og Høgre sin førstekandidat i Møre og Romsdal og Anders Riise, leiar for Høgre si gruppe på fylkestinget og tidlegare Hareid-ordførar er alle samde om at det no er Hafast sin tur til å få den politiske merksemda retta mot seg.   Foto: OLE-OTTAR KARLSEN HØGSTAVOLL, Vikebladet/Vestposten

Nyheter

(Vikebladet Vestposten) Fjordkryssinga av Romsdalsfjorden, på ny E39 mellom Ålesund og Molde, kalla for Møreaksen – har dominert samferdselsbiten av nyheitsbildet i fylket over lengre tid.