Nostalgisk biltreff på Gossen

Det brummar lavmælt i wankel-motorar når 25 tilårskomne, men heilt strøkne Mazdaer glir ut frå hamna ved Gossen Feriesenter. Entusiastar frå Mosjøen i nord til Kristiansand i sør møttes i helga til bilprat med ein ting til felles: ein tysk motor som blei historisk på japanske bilar.
Nyheter

Ei rolig kolonne med fargerike, tilårskomne og strøkne Mazdaer var i helga å observere rundt om på Gossen. Parkert på rekke og rad i hamna ved Gossen Feriesenter, eller sakte cruisande rundt gass-øya med smørblide sjåførar og passasjerar.