16- og 17-åringar i Aukra får vaksinetilbod

Kommuneoverlegen i Aukra ber føresette til unge født i 2004 og 2005 om å ta kontakt om dei ønsker vaksine.
Nyheter

Regjeringa har avgjort at 16- og 17-åringar i Norge skal få tilbod om koronavaksinasjon, etter råd frå Folkehelseinstituttet. Derfor ber kommuneoverlegen i Aukra om at føresette til barn født i 2004 og 2005 tek kontakt på telefon 906 92 558 om dei ønskjer covid-vaksine.


Mer korona-smitte i Aukra

Torsdag ble det påvist to nye smittetilfeller i Aukra kommune.


Vaksinasjonsdag er onsdag 8. september mellom kl 16-18 i Aukrahallen, skriv kommunen i ei pressemelding. Tidspunktet er sett av omsyn til skoletida.

Tilbodet gjeld alle født i 2004 og 2005.

Krev samtykke

For ungdom som er født i 2005 og ikkje har fylt 16 år, må kommunen ha samtykke frå begge føresette. Frå fylte 16 år kan ungdommen signere samtykkeskjemaet sjølv, skriv kommunen.

De minner om at dei som kjem for å vaksinere seg 8. september, må ta med signert samtykke til vaksinestaden. Samtykkeskjema kan ein få ved å ringe koronakontakten på telefon 906 92 558.