Nordøyane blir landfaste i dag

Viktig milepæl for omstridt vegprosjekt når Nordøyane blir landfaste. Men vegen opnar ikkje for trafikk på ei god stund enno.

Lepsøybrua i bakgrunnen. Siste støyp på Laukebrua (nærast) skjer denne veka.   Foto: Møre og Romsdal fylkeskommune

Dette er eitt av dei største vegprosjekta i Noreg gjennom tidene.

Anne Marit Øksenvåg Johansen
Nyheter

I dag torsdag blir Harøya, Fjørtofta, Flemsøy / Skuløy, Haramsøya og Lepsøya landfaste. Det skjer når den siste dekkestøypen på den 110 meter lange Laukebrua på Nordøyvegen blir ferdig. Det skriv veg-eigar Møre og Romsdal fylkeskommune i ei pressemelding.