To nye smittetilfelle i Vestnes

Er nærkontaktar til kjent smittetilfelle.
Nyheter

Vestnes kommune har i dag fått melding om at to personar har testa postivt for covid-19.

Dei to er nærkontaktar til kjent smittetilfelle.

Det melder Vestnes kommune på sine heimesider søndag kveld.

- Smittersporing er gjennomført og 6 nye personar er sett i karantene. Vestnes er ein liten stad der det viktig å ta vare på kvarandre. Alle kan vere uheldige og smitte kan forekomme uansett kor forsiktig ein er, sier kommuneoverlege Sabine Relling Bredeli i meldinga.