– Endeleg lopper i Hoksneset igjen!

Endeleg kunne Hoksnes Vel på Gossen sleppe loppene laus og invitere til bruktmarknad for 8. gang. – Kjekt å vere i gang igjen!, sa ein smørblid dugnadsgjeng og inviterte på røvarkjøp, god mat og (endelig) sosialt samvær.

Driftig gjeng: Medlemmene i Hoksnes Vel var glad for endeleg å kunne invitere til den tradisjonsrike loppemarkanden i grenda igjen. Frå v. Asle Bjørn Lynge, Knut Arild Havnes, Grete Eikrem, Lindis Lynge, Cecilie Rønstad, Oddrun Lynge, Sissel Bytingsvik, Inger Lyngvær, Marit Sand Rønstad, Oddvar Hoksnes og Marie Hoksnes.  Foto: Gunn E. Aarønes

Nyheter

– Kjekt å vere i gang igjen, sa ein smørblid dugnadsgjeng medan dei losa dei mange hundre besøkande gjennom smitteverntiltak og protokollføring, og passa på at rett mengde folk var inne i dei store loppemarked-telta på leikeplassen på Hoksneset på Gossen laurdag ettermiddag.