Stor støybelastning på Falkhytta

Sprenging, pigging, store anleggsmaskiner og stadig nye køyremønster – dette har vore kvardagen for busette på Falkhytta på Gossen sidan august 2020. – Det vil dessverre pågå ei stund til, fortel prosjektleiar i Aukra kommune, Jon Gunnar Gjelberg.

Stor aktivitet Skilt, stengsel, anleggsmaskiner og støy dette har vore kvardagen på Falkhytta sidan våren 2020. På området som skal bli parkeringsplass for kulturhus og helsesenteret grev ein i dag 10 fjellbrønnar for jordvarme. Undervegs har det dukka opp spennande ting frå tidlegare tider, som betongklossen midt i bildet.  Foto: Gunn E. Aarønes

Nyheter

AUKRA: Sidan august 2020 har det pågått omfattande anleggsarbeid sentralt på Gossen. Først blei ny vannledning lagt frå Hukkelberget til Flatvoll med medfølgande sprenging og anleggstrafikk. Og i vår starta det store arbeidet med å grave ut 19 fjellbrønnar for varmepumper som skal gå frå Energisentralen til varmepumpene i dei kommunale bygga på Falkhytta.