Fullvaksinert tilsett ved Kristiansund sjukehus smitta av Covid-19

Har hatt nærkontakt med sju pasientar og ein kollega.
Nyheter

Søndag kveld 15. august testa ein tilsett ved Kristiansund sjukehus positivt på Covid-19. Smittesporinga viser at den tilsette har hatt nærkontakt med sju pasientar og ein kollega. Dei blir varsla og satt i karantene, opplyser Helse Møre og Romsdal i ei pressemelding.

- Vi har samarbeidd godt med dei involverte kommunane om smittesporinga og kontaktar dei pasientane som den tilsette har vore i møte med. Smittevegen er under avklaring, seier avdelingssjef Odd Arne Haram.

Den tilsette som har testa positivt er fullvaksinert og har følgt smittevernrutinane i kontakt med pasientane og tilsette. Smittesituasjonen får ingen konsekvensar for drifta ved sjukehuset, og pasientar som har innkalling til time skal møte som normalt, heiter det i meldinga.