Aukra Sogenemnd med oppdatert bygdebok etter 34 års venting: – Folk har venta på denne

Endeleg blir det mulig å oppdatere seg på folk og grunn i Aukra. 34 år etter den forrige utgåva, kjem i desse dagar ei oppdatert bygdebok for kommunen.

Etterlengta: – Eg trur det er mange som gler seg til den oppdaterte bygdeboka for Aukra, seier leiar i Aukra Sogenemnd, Ann Ingjerd Dale. Salet starta torsdag denne veka.  Foto: Gunn Elisabet Aarønes

Nyheter

Aukra: Du veit når familiar samlast i godt lag og praten går – korleis går det med barndomsvennen, korleis gikk det med dei som budde på den og den gården, kor mange barn kom til i den og den familien? Då brukar vegen å vere kort til bygdeboka i bokhylla, den som fortel alt om alle frå langt tilbake i tid, fram til i dag.