Kommuneadvokaten gir seg – minnes nokre saker med større glede enn andre

Geir Kristoffersen har vore kommuneadvokat i Molde i nær 30 år, gitt råd og ført rettssaker. No blir han pensjonist.

Blir pensjonist: Geir Kristoffersen har representert Molde kommune i svært mange samanhengar. Utbygginga av Sjøfronten er mellom sakene han har hatt på sitt bord.  Foto: Bjørn Brunvoll

Nyheter

– Dette har vi brukt ein del tid på, ja. Det seier Geir Kristoffersen (67), avtroppande kommuneadvokat i Molde, medan han vert fotografert på Sjøfronten. Prosjektet er ei av svært mange saker han har hatt på sitt bord i løpet av tiåra som kommunens advokat.