Ein ny smitta i Vestnes

Ein innbyggar i kommunen fekk onsdag melding om positiv test.
Nyheter

Vestnes kommune fekk onsdag melding om at ein innbyggar har testa positivt for covid-19. Det skriv kommunen i ei pressemelding.

I meldinga står at smittesporing er gjennomført og at smittekjelde er kjent frå eit utbrot i ein annan kommune.

Den smitta er sett isolasjon, og 12 nærkontaktar er sett i karantene og vil bli testa.

183 personar er blitt registrert smitta i Vestnes gjennom heile pandemien. Av desse er 182 friskmeldt.