Var midt i dramatikken då ein bil køyrde gjennom uterestaurantar på Marbella og skadde elleve menneske

– Det var som i ein film – heilt surrealistisk

Måndag ettermiddag køyrde ein bil gjennom eit uteserveringsområde i gamlebyen i Marbella i Spania, og skadde fleire som sat på restaurantane.

Dramatisk: Rosmari Sorthe og sambuar Hans Erik Børjesson er prega av hendinga.  Foto: Privat

Nyheter

Rosmari Sorthe frå Kleive skildrar dramatikk i gata, med hyling og skriking, knust glas og treverk, og folk som låg blodige på bakken.