Kjørte av vegen ved Gudbrandsjuvet

Tre personar sendt til legevakt for sjekk.

UTFORKØYRING: Vegen forbi Gudbrandsjuvet som ligg på høgre side av vegen. Det går ikkje fram av meldinga frå politiet kvar uhellet skjedde. Bildet er henta frå Google maps.  Foto: Google maps

Nyheter

Politiet i Møre og Romsdal meldte klokka om 16.45 måndag om eit trafikkuhell ved den populære turistattraksjonen Gudbrandsjuvet på vegen mellom Trollstigen og Valldal.

Det var tre personar i bilen som køyrde utfor vegen. Det skal ikkje vere snakk om alvorleg personskade, men alle vart sendt til legevakta i Valldal for sjekk, melder politiet.