Sommaropen utstyrssentral i Aukra

Frå torsdag kan folk frå heile landet låne alt frå padlebrett, hengekøyer, fjellsko og sparkesyklar ei heil veke – heilt gratis!

Effektivt utlån: Overgangen til BUA gjer at utstyret frå den tidlegare utlånssentralen i Aukra er lettare tilgjengeleg for besøkande frå heile landet. – Alt ein treng er å registrere seg som brukar på nettsida, så kan ein låne utstyr til aktivitetar både til lands og til vanns, fortel folkehelsekoordinator i Aukra kommune, Tove Charlotte Æsøy og leiar ved Aukra Frivilligsentral, Jens Petter Kjøll.  Foto: Gunn E. Arønes

Nyheter

– Det er berre å registrere seg som brukar, så er alle utlånssentralane i BUA-systemet tilgjengeleg over heile landet, fortel folkehelsekoordinator Tove Charlotte Æsøy i Aukra kommune.