Rekordlang kortesje på Gossen

– Dette blei over all forventning! Leiar i 17.mai-komiteen i Aura, Nina Marken er imponert. Nærare 50 køyretøy stilte opp i årets kortesje og juryen som skulle kåre beste køyretøy, måtte dele premien i to!

BESTE KJØRETØY: Aukra kommune si heimeteneste vann prisen for beste køyretøy i årets bilkortesje. Med fengande musikk i høgtalarane, fantasifull pynting og masse godt humør skapte dei stemning på ruta rundt Gossen på nasjonaldagen. – Litt sliten, men veldig moro, var status etter målgang. Frå v. Håkon I Oterhals, Ragnar Sporsheim, Roald Falkhytten, Rolf Andreas Hjertvik, Palma Seter, Helga Marie Julnes, Gjertrud Torunn Reset og Malene Lillebostad.  Foto: Gunn E. Aarønes

Nyheter

AUKRA: Nasjonaldagen på Gossen vart feira med stadig bedre ver utover dagen, med korpsmusikk forskjellige stader rundt omkring på øya, gudsteneste og kranspålegging og 17.mai-talar på film på kommunen sine heimesider.