Åtte nye smittetilfelle i Vestnes

Vestnes kommune har fått melding om åtte nye smittetilfelle av covid-19. Ingen av tilfella er utløyste av mannskap i Tomrefjord brannvesen som nyleg vart sett i karantene. 
Nyheter

Sju nærkontaktar som allereie er i karantene på Trohaugen, testa positivt på dag 7. Dette er testar som rutinemessig blir tatt av nærkontaktar på dag 7 i karantene, meldar Vestnes kommune på sine nettsider mandag føremiddag.

Tre av dei nærkontaktane som no har testa positivt, er relatert til utbrotet ved Vard Brattvaag. Dei fire andre er nærkontaktar til dei arbeidarane som testa positivt i forrige veke og som er relatert til Vard Langsten. Alle er i isolasjon på Trohaugen, skriv kommunen.

Torsdag kveld var det ytterlegare ein arbeidar som testa positivt for covid-19. Det skjedde i samband med VARD Langsten sine nye rutiner med vekentleg covid-testing av eit utval abeidarar, og smittesituasjonen ved verftet.

Arbeidaren er i isolasjon på Trohaugen, og nærkontaktar er satt i karantene.

VARD iverksatte testing av eit utval arbeidarar også torsdag. Ein ventar svar på desse i løpet av helga, skriv kommunen.

Det er ingen nye positive blant nærkontaktane i samband med smittetilfelle som utløyste at mannskap i Tomrefjord brannvesen vart sett i karantene.

Alle nærkontaktane vert testa att på laurdag.