Tre nye smittetilfelle i Vestnes

Vestnes kommune har tirsdag fått melding om tre nye smittetilfelle av covid-19.
Nyheter

Dei tre er nærkontaktar til dei to arbeidarane som vart meldt smitta på søndag. Personane har vore i karantene og er no overført til isolasjon på Trohaugen, skriv Vestnes kommune i ei pressemelding.

Smittekjelda er førebels ukjend.

Som ein konsekvens av smittesituasjonen i Møre og Romsdal har Vard-lokasjonane innført vekentleg covid-testing av eit utval av arbeidarane inne på verfta.