Den nye kommunedirektøren: – Har med meg erfaring i omstilling

Torsdag vart det avklart at Molde kommune får sin første kvinnelege toppsjef – fredag var ho på besøk på rådhuset.

Molde kommune har fått sin første kvinnelege toppsjef – vi møtte henne på fredagsvisitt på Molde rådhus.   Foto: Bjørn Brunvoll

Nyheter

Marianne Stokkereit Aasen tek plass i stolen øvst ved bordet i formannskapssalen, som ho om vel tre månader overtar etter noverande kommunedirektør Arne Sverre Dahl.