Medan turfolk har gått i tog opp til Dronningkrona har politiet hatt mykje å gjere ved vegen:

Over 40 gebyr, og to bilar er taua bort: – Burde vore laga ein større parkeringsplass

Rundt kl. 15.00 laurdag ettermiddag hadde politiet skrive 40 gebyr til feilparkerte bilar i Viromdalen, og hadde framleis fleire gebyr å skrive. Mange som skulle til fjells hadde vald å parkere langs vegen, då parkeringsplassen fort vart full.

Har skrive mange gebyr: Olav Gjøvik i politiet er i Viromdalen laurdag, for å skrive gebyr til alle dei feilparkerte bilane langs vegen. Han skjønar det ikkje er ein ideell situasjon for sjåførane heller, som skal på tur, men tryggleik og gardbrukarane i området må kome først.   Foto: TOMMY FOSSUM

Nyheter

(Driva) Laurdag formiddag var politiet på plass i Viromdalen i Sunndal kommune, kor turglade folk hadde parkert bilane sine langs vegen. Rundt kl. 13.00 byrja politiet å skrive gebyr, medan Svein Meland taua bort bilar. Meland seier til Driva at han tauar bort fortløpande og kjem til å halde på utover ettermiddagen og kvelden.