Hilde Havnen Skarshaug gir nytt liv til lokala i kaihuset på Aukrasanden på Gossen

Hilde Havnen Skarshaug gir nytt liv til lokala i kaihuset på Aukrasanden på Gossen.

Kjøpte landemerke: Då det kom Hilde Havnen Skarshaug for øyre at kaihuset på Aukrasanden kunne bli seld, slo ho til. – Vi måtte berre gripe sjansen trass i koronaen, fortel ho. Sidan oktober har ho drive glutenfritt bakeri i lokala og laurdag opnar ho eit lenge etterlengta gatekjøkken på gass-øya.  Foto: Gunn E. Aarønes

Nyheter

Det dunkar, hamrar, bankar og smell. Lukta av nybakte rundstykker blandar seg med lukta av grillpølser og frityrolje. Folk går inn og ut av romma på kaihuset på Aukrasanden og midt oppi det heile står ei smørblid Hildre Havnen Skarshaug. Rolig og fatta, litt hektisk i blikket og litt bustete hestehale, men med stålkontroll og full oversikt. Snart skal Gossen få gatekjøkken igjen, og denne gongen med lokalt tilsnitt så det monnar.