Flyttesjau til Stella Maris på Vestnes

Innflyttinga til det nye kombinerte helsehuset Stella Maris på Vestnes er i full gang. Måndag opnar det nye legesenteret, den 27. april opnar biblioteket.

Einingsleiar Gitte Vinther kjen med meir utstyr til kontoret til kommunelege Charlotte Olafsen.   Foto: Olav Skjegstad

Nyheter

Då vi var innom fredag ettermiddag, var både legar og andre i full sving med å flytte over utstyr og materiell. Til måndag skal alt vere klart, einingsleiar Gitte Vinter fortel at alle ser fram til å starte opp i nye og topp moderne lokale. Ho deltok sjølv på flyttinga. I alt er det ti legekontor i det nye bygget, pluss spesialrom.