Opphevar munnbind-anbefaling og raudt nivå i skulen

Ingen nye smittetilfelle gjer at Vestnes kommune opphevar anbefalinga om munnbind og går tilbake til gult nivå på skulane.
Nyheter

Det opplyser Vestnes kommune i ei pressemelding måndag kveld.

– Det har ikkje kome inn fleire positive prøvesvar i Vestnes etter covid-19-utbrotet i påska, heiter det i meldinga.

Frå 15. april, altså komande torsdag, går da skulane tilbake til gult nivå. Samtidig blir anbefalinga om bruk av munnbind i butikkar, kjøpesenter og kollektivtransport i Vestnes kommune oppheva.


Slik er smittesituasjonen i Vestnes

Ingen nye tilfeller hittil.


– Vestnes kommunen følgjer dei nasjonale retningslinjene for smittevern, skriv kommunen og minner om desse råda:

Uansett kor du ferdast og kva du gjer, følg dei nasjonale smittevernreglane: