Ingen trafikk Vik-Julbøen før ny veg frå Ørskogfjellet er ferdig

Med 12 mot 11 stemmer har Vestnes kommunestyre vedtatt at dei ikkje vil ha trafikk på Møreaksen før den nye vegen frå Ørskogfjellet til tunnelinnslaget på Vik står ferdig. Ordførar Geir Inge Lien fryktar dette kan forsinke arbeidet, Statens vegvesen spør om dette er eit rekkefølgekrav.

INNSLAG MØREAKSEN: Her kjem innslaget til Møreaksen.  Foto: Olav Skjegstad

Nyheter

På begge sider av fjorden går debatten friskt om dei nye vegane som fører til den planlagte tunnelen under Romsdalsfjorden. I Vestnes er mange redd for at dagens vegstrekning på fylkesveg 661 frå Furneskrysset til Vik vil bli brukt som tilførselsveg til Møreaksen i mange år framover, dersom den nye planlagte vegen med tunnel frå Ørskogfjellet til Vik ikkje blir bygd samtidig med tunnel under fjorden.