Nye smittetilfelle i Ålesund – det eine er på Harøya

Ålesund kommune fekk til saman seks nye tilfelle av covid-19-smitte tirsdag. Det eine er ein person på Harøya.
Nyheter

Det melder kommunen i ei pressemelding seint tirsdag kveld. Dette skriv kommunen om dei nye tilfella:

  • Ein elev på 8. trinn ved Blindheim ungdomsskole har testa positivt. Vedkomande var allereie i karantene.
  • Ein person som er på Harøy i lag med familien, har testa positivt for koronavirus. Nærkontaktar er sett i karantene og blir testa i morgon ved Sandøy legekontor.

    Fleire nye smittetilfelle i Ålesund. Ber folk halde seg i ro i påska

    Måndag kveld fekk Ålesund kommune stadfesta tre nye tilfelle av covid-19.



  • To personar som blei definerte som nærkontaktar til smitta som kommunen meldte i går, 29. mars, har testa positivt. Påvist smitte fører til at Apotek 1 Amfi Moa Gaard blir stengt til over påske. Kundar som har vore ved apoteket i tida frå 25. mars til og med 29. mars må vere merksame på symptom og ha låg terskel for koronatest.
  • Seint i kveld fekk kommunen stadfesta at to personar som kom reisande frå Østlandet har testa positivt. Dei blei tidleg identifiserte som nærkontaktar og har vore i karantene sidan dei kom til Ålesund.

– Smittesporing og karantenesetting pågår. Ålesund kommune har no 43 personar i isolasjon med koronasmitte, heiter det i pressemeldinga.