Kreftsjuke Roy kjempar for erstatning – har fått nytt håp etter RB-spørsmål

Han fekk ikkje forsvarleg helsehjelp da han fekk kreft, så kom to avslag på erstatning. Men brått er situasjonen endra.

Tøffe tak: Roy Strand har opplevd nedtur etter nedtur, med forseinka kreftdiagnose, økonomiske utfordringar og avslag frå NPE. No kan det likevel vere grunn for optimisme med tanke på erstatning.  Foto: Bjørn Brunvoll

Nyheter

– Eg vart nettopp kontakta av Norsk Pasientskadeerstatning, som sa at dei kanskje har gode nyheiter for meg. Dei vil sjå på saka mi på nytt, og har trekt den frå behandling i Pasientskadenemnda. Dette skjer når media begynner å stille spørsmål. Det er nokså spesielt, seier Roy Strand.