Slik blir nysjukehuset utvida med Gassror-gåva

Torsdag avgjer styret i helseføretaket om det er greit å ta imot 70 millionar fra Gassror til nysjukehuset. Problematisk, meiner to frå Sunnmøre i brev til styret.

Det gule feltet viser kor arealet på fellessjukehuset blir utvida. Dette er i nordre ende av det austlege tverrbygget.   Foto: HELSE MØRE OG ROMSDAL

Nyheter

Fredag 5. mars blei det kjent kva den skal gå til, den lenge omtalte gåva frå Gassror til fellessjukehuset SNR Hjelset. Gåva blir på inntil 70 millionar kroner og skal gå til medisinsk-teknisk utstyr og til å utvide tre etasjar med til saman ca. 600 kvadratmeter.