Fagdirektør: – Det er trygt å vere pasient i Helse Møre og Romsdal

– Pasientar treng ikkje å bekymre seg, seier Torstein Hole, fagdirektør i Helse Møre og Romsdal.

Fagdirektør Torstein Hole i Helse Møre og Romsdal.   Foto: Marit Heiene

Nyheter

Tilsette i Helse Møre og Romsdal opplev at fleire pasientar tek kontakt, og nokon vel å utsetje sine timar ved sjukehuset. Det skjer i samband med smitteauka i koronatilfelle i Møre og Romsdal og i landet elles, skriv helseforetaket i ei pressemelding.

– Pasientar tek kontakt med oss og er engstelege for koronasmitte ved sjukehuset. Dei treng ikkje å bekymre seg og skal føle seg trygge på at dei ikkje vil utsetje seg for koronasmitte ved å oppsøke sjukehusa våre, seier Hole.

Fagdirektøren har ei klar oppmoding til innbyggarane:

– Det er heilt avgjerande for helsa til mange at dei kjem til oppsett time. Mange pasientar gjennomgår viktige behandlingsforløp og det er særs viktig at dei ikkje får eit avbrot i si behandling

– Også pasientar som blir akutt sjuke med behov for oppfølging frå spesialisthelsetenesta må kontakte oss. Vi har strenge smitteverntiltak ved sjukehusa og det skal difor vere trygt for våre pasientar å kome til behandling, seier Hole.