KFU om ny skulebruksplan for Molde:

– Trur spareforslag vil ramme skular i distriktet

KFU-leiar reknar med at spareforslag i ny skulebruksplan vil vere særleg retta mot skular i distrikta i Molde kommune.

KFU-leiar Torgeir Frøsøye. Bildet er tatt tidlegare.  Foto: Kjell Langmyren

Nyheter

– Skulane sentralt i Molde var del av tilsvarande plan for få år sidan. Eg reknar med at det no vil vere skulane i distrikta som er mest aktuelle for tiltak. Det seier Torgeir Frøsøye, leiar for det kommunale foreldreutvalet, KFU, til Rbnett.