Mutert koronavirus påvist i fleire kommunar

Det er dei siste dagane påvist nye tilfelle av koronasmitte i Sunndal, Ålesund og Sula. Nærkontaktar i Vestnes er sett i karantene etter tilfellet i Ålesund.

Kommuneoverlege og smittevernlege Svein Anders Grimstad i Sunndal kommune. 

Nyheter

Molde sjukehus stadfesta onsdag ettermiddag at prøvene etter utbrotet i Sunndal er positive på 484k-mutasjonen, betre kjent som den sørafrikanske mutasjonen, melder Sunndal kommune i ei pressemelding.

– Det er dessutan i løpet av dagen stadfesta to nye positive testar. Begge svara kjem frå kjente nærkontaktar av smitta, og har vore i karantene sidan torsdag 25. februar, seier kommuneoverlege Svein Anders Grimstad i Sunndal.

Totalt var det onsdag ettermiddag stadfesta 13 smittetilfelle i Sunndal, skriv avisa Driva.


Åtte personer smittet i Sunndal - massetestingen fortsetter gjennom helgen

Totalt er det nå åtte personer som er smittet etter utbruddet på Sunndalsøra. De er tilknyttet det samme miljøet.



Mutert virus i Sunndal - ansatt ved Alti-sentret smittet

Det ene smittetilfellet har potensielt mange nærkontakter. Alti-senteret rammet.


Tilfelle i Ålesund utløyste karantene i Vestnes

Ålesund kommune fekk tysdag morgon stadfesta at ein person har fått påvist smitte med koronavirus av den engelske mutanten.

Vedkomande er nærkontakt til ein person som fekk påvist smitte fredag 26. februar. I alt 15 nærkontaktar i Ålesund, Vestnes, Giske og Sula er sett i karantene. Nær familie er i ventekarantene mens ein ventar på testresultat hos nærkontaktar.

– Den smitta har ikkje vore på skule eller andre stader i det offentlege rom i forkant av symptomdebut. Smittevernlegane og smittesporingsteama i dei nemnde kommunane er varsla, seier kommuneoverlege Olav Mestad i Ålesund.

Eit tilfelle av mutert virus i Sula

Tilfellet i Ålesund har spreidd seg til nabokommunen Sula som onsdag meldte om eit nytt smittetilfelle.

– Det er bekrefta at vedkomande er smitta med det britisk muterte viruset. Det er kjent smitteveg, personen er nærkontakt til tilfellet Ålesund kommune meldte om i går, skriv kommunen på sine nettsider.

42 nærkontaktar fordelt på sju kommunar er sett i karantene. To skuleklasser ved Borgund vidaregåande skule er råka.

– Det er no svært viktig at alle reduserer talet på nærkontaktar, og at ein har låg terskel for å teste seg, sjølv om ein berre har lette symptom, seier kommuneoverlege Marianne Kolsvik Bjerkevåg i Sula.